Mal:Emór - Hassafon

Mal:Emór

Frå Hassafon

Párasjàt Emór

Torá

(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinskapsføreskriftene for kóhaním. Vi hører òg om kva dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dei under oppsyn i ei veke føre dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie.

I bolken om helgedagsføreskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandteljinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om nér tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda.

Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing for brotsverka blasfemi, drap og dyremishandling.

Haftará

(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)

Personlege verktøy